Malakoff har sleppt nye artistar: Den amerikanske rapparen Denzel Curry og det mongolske heavy-metalbandet The HU er begge klare for festivalen i 2023.

– The HU har vore høgt på ønskelista vår dei siste åra, og i år klaffa det endeleg. Den unike blanding deira av heavy metal og mongolsk strupesong skal ljome mellom fjord og fjell på Nordfjordeid i sommar, og det er det umogleg å ikkje gle seg. Når vi i tillegg får besøk av eit av dei mest spennande namna i internasjonal hiphop akkurat no – Denzel Curry, så er dette ein krutsterk artistpakke, heiter det frå festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Festivalen har dermed slept følgande artistar så langt: Denzel Curry, The HU, Undergrunn, Combos, Konvent og Joe Unknown.

Dato for Malakoff 2023 er 20.–22. juli.

Kjem: Den amerikanske rapparen Denzel Curry. Foto: pressefoto