Institusjonen runda sine første nitti år i fjor. I åtte av desse ni tiåra heldt dei seg med til saman berre tre dirigentar. Ensemblet torer vere særs tradisjonsrikt.

Den første bolken vart leia av Johan Sæter frå Ulsteinvik. Det var såleis han som sytte for den berømte innspelinga «Himmelske fader» av Geitvik.

Organisten og opphavsmannen døydde eit par år etter innspelinga i 1955. Men solosongen bana veg for naturtalentet Randulf Saunes, også han frå Ulsteinvik. Platene med songaren er stendig å høyre. Saunes var sist i sving i NRK førre helg.

Johan H. Grimstad tok over roret og styrte songarskuta i tre tiår. Også på vakta hans vart det gjort plateinnspelingar. No i regi av Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted. Ikkje på His Masters Voice som sist...

Koret har songarar som er eldre enn ensemblet. Den argaste av dei har vore med i over seksti år. Dette seier vel sitt om trivselen. Svein Eiksund står for det kunstnarlege.

Vi reknar utan vidare med at publikum kjem til å kose seg i selskap med dei. Reiseruta i år er slik: Skjærtorsdag får Brattvåg, Fiksdal og Emblem besøk. Dagen etter, langfredag altså, kjem turen til kyrkjene på Valderøya og Sjøholt.