Marthe Hansen (19) frå Hareid er leiar for Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, som har lansert ein kampanje som skal gjere det lettare å vere ungdom.

Ungdomspanelet oppmodar alle ungdommar i fylket til å delta i kampanjen ved å leggje ut eit bilde av det som gjer dei unike, med emneknaggen #UNGiMR på Instagram, Facebook eller Twitter.

Press

– Bakgrunnen for kampanjen er at fleire ungdommar i ungdomsråda rundt om i fylket, har snakka ope om at dei slit både psykisk og fysisk på grunn av press frå alle kantar. Vi veit at norske ungdommar slit med perfeksjonsjag, utsjånadspress, og utfordringar knytt til seksualitet, legning og identitet, forklarer Hansen.

Solveig Buvik (21) frå Molde, som driv med ungdomsarbeid hos Fylkesmannen, er også engasjert i «Ung i Møre og Romsdal»-kampanjen.

Bodskap

– Tanken er å bryte den evige straumen av perfekte bilde i sosiale media. Kampanjen vår hyllar mangfaldet, vi ønskjer å framheve som noko positivt at vi alle er ulike. Ved å delta i kampanjen viser ein at ein støttar bodskapen: Vi er gode nok som vi er, seier Buvik.

#UNGIMR: «Ej e en mørk person so elska eyeliner og mørke farga på lippene. Katten min heite Lucifer og ej høyre på metal og rock. Ej he tilsammen 9 hol i kroppen og he plana om monge tatoveringa. Ej he mine meininga, spesielt når de gjelde miljø og nynorsk, og ej e ikkje redd for å stå for dei. Men ditta trives ej me, de e fullt og heilt mej, og ej e stolt av det», skriv Nanna-Elise Svendsen Grimstad i sitt bidrag til kampanjen. Foto frå Instagram.

– Det kan vere noko stort eller lite du er stolt av med deg sjølv, eller noko som gjer deg til akkurat den du er, skyt Marthe Hansen inn som tips til bilde. Både ho og Buvik synest det er eit smart trekk å bruke sosiale media til å slå tilbake mot eit press som i stor grad vert skapt av nettopp sosiale media.

#ungIMR: «E e me sjøl. E spelle bassgitar og e politisk interessert og skal til å sitt 14 tima dagen i 5 daga å diskuter politikk. Og de e derfor e støtte aksjonen», skriv Peder Mehldal Vorren. Foto frå Instagram.

Festival

Alle som tek del i kampanjen ved å poste eit bilde på sosiale media med emneknaggen #UNGiMR, får tilsendt eit armband med kampanjenamnet på. Kampanjen har ei eiga side på Facebook der ein kan leggje att namn og adresse.

– Til sommaren vil dette armbandet fungere som eit festivalarmband på ein gratis #UNGiMR-festival i Molde 17. juni, fortel Hansen og Buvik. Til festivalen kjem m.a. artist Sandra Lyng og bloggar og mediepersonlegdom Linnea Myhre. Begge desse damene har vore opne om eteforstyrringar og kroppspress. Festivaldeltakarane får også møte nokre av jentene frå TV-programmet «Sykt perfekt».