– Eg har blitt ein misantrop på min eldre dagar. Det er ikke så mye håp i oss lengre, meiner han.

- Men litt håp er det jo i ting og tang, seier komikar Fredrik Steen.

Til våren kjem han med soloshowet «Uflaks» som skal ha premiere på intimscena Lille Ole Bull i Bergen.

Følg smp.no på Facebook

Flyt med

– Eg trur ikkje vi moderne menneske tenker like godt som vi gjorde. Vi har ein tendens til berre å flyte med utan å stille kritiske spørsmål, og det får oss i trøbbel. I staden for å ta ansvar er det lett å definere ting som uflaks. Men så er det å få dette til å bli morosamt, da.

– Eg synest det høyrtes spennande ut, og Steen verkar som ein interessant type. Han har mange perspektiv både på seg sjølv og livet eg vil vere med og formidle. Han er supermotivert, seier regissør Elvik.

Bergensaren, som er busett i Oslo, har mellom anna spelt i ein av Varg Veum-filmane, og har hatt ulike roller for Nationaltheateret - deriblant Dolly i Tolvskillingsoperaen, Gerd i Brand og Maurice i Fluenes herre.

No debuterer ho som regissør for eit soloshow innan stand-up.

– Min jobb blir å rydde og organisere. Også har jo stand-upen sine klare reglar, og der har eg mykje å lære, seier Elvik.

– Kanskje ho kan sjå ting som ikkje en stand-up komikar kan sjå, er håpet til Steen.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Hemmeleg

I tillegg vil han ha med seg ein tekstforfattar på laget. Det har han aldri gjort før. Men Steen er løyndomsfull når Sunnmørsposten spør kven han er.

– Vi må finne ut om vi likar kvarandre først. Vi skal møtast om eit par veker. Men eg kan seie at han er ein sterk samfunnskritikar.

Før «Uflaks» skal Steen turnere med eit stykke med Sogn og Fjordane Teater: «Skilte menn rir igjen».

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Kjersti Elvik blir regissør for Fredrik Steens nye soloshow. Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix