Dei nynorske festspela:

Ingeborg Lillestøl skreiv best om morsmål

Ingeborg Lillestøl (18) frå Gjerdsvika vann skrivekonkurransen under Dei nynorske festspela.

vinnar: Ingeborg Lillestøl skreiv seg til siger i Dei nynorske festspela sin skrivekonkurranse om morsmål. Juryen vurderte ni tekstar, som alle blir vurdert som gode. FOTO: Hild Nordal 

Litteratur

Med kronikken «Morsmål – nøkkelen til identitet?» sikra ho seg premien på 5.000 kroner.

– Med ei open, spørjande, kunnskapsrik og personleg tilnærming greier årets vinnar å seie noko vesentleg om tydinga av morsmål for folk si kjensle av identitet og tilhøyrsle, både til kvarandre her og no, men også til historia og fortida, seier juryleiar Marit Eikemo.

Les mer om konkurransen: Engasjement for morsmål

Stas

Ingeborg Lillestøl er nettopp ferdig med andre året på studiespesialisering ved Ulstein vidaregåande skule.

– Det var stas å vinne konkurransen, seier Ingeborg.

Ho las om konkurransen i avisa. Og sidan ho alltid har likt å skrive, tok ho utfordringa, sjølv om dette var noko heilt anna enn det ho har skrive før.

Nynorskpris til Jon Hustad: – Eg er veldig glad, men også veldig forundra

Tre finalistar

Juryen plukka ut tre vinnarbidrag som alle får fram sjølvstendige meiningar gjennom originale, tankevekkjande og reflekterande resonnement.

Andrepremien gjekk til Mathias Sørbø (18) frå Volda. Hanne Krogsæter (16) frå Longva fekk tredjepremie.


Over 5000 på festspela

Det er om lag som budsjettert.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Litteratur