– To av jentene var søstrer, ei av dei berre åtte år. Mora deira var blitt brent som heks. Det var lokalsamfunnet som til slutt slo ring om barna, fortel historikar og forfattar Aina Basso.

Demonologi

– Å skrive sakprosa er utfordrande og frigjerande på same tid. Det har vore godt å få sleppe å finne på, slik ein gjer i ein roman. Men å forklare for barn korleis hekseprosessane kunne finne stad, det er ikkje lett. Det er ikkje lett å forstå for vaksne heller, seier ho.

– Eg har difor forsøkt å forklare i boka at 1500- og 1600-talet var ei magisk verd. Folk trudde på hekser og trolldom, og demonologi, altså læra om djevelens virke på jorda, var anerkjent som vitskap. Dei lærde hadde stor makt.

Heksejakt på Sunnmøre

Sakprosadebut: Etter fire romanar er Aina Basso klar med ei faktabok.

Alle Bassos romanar er historisk forankra, som «Inn i elden» frå 2012 som handla om heksejakt i Finnmark.

– Eg visste ein god del om temaet heksejakt frå før, men eg gjekk til verket på ein ny og streng måte med denne faktaboka. Eg har hatt god bruk av fagkonsulent for å kvalitetssikre alle historiske fakta.

– Eg fortel om dømde hekser i både Norge og andre land, inkludert saka mot Marit Rasmusdatter Bjørdal frå Sunnmøre, også kalla Sva-maska, eller Stordalsheksa. Ho var nok ei kvinne med «giftig tunge» som fekk nabofolket mot seg. På 1600-talet var det nok til å bli skulda for trolldom, og Sva-maska blei avretta i 1664.

Forsvar.

Typisk for mange av dei tiltalte var at dei skilte seg ut, som Jeanne d'Arc frå Frankrike og Merga Bien frå Tyskland.

– I dag er det å ha forsvarar eit viktig rettsprinsipp. Historia har vist kor viktig det er å ha folk som kan tale makta imot, seier Basso.