Melding av Kjetil Tandstad

Eit 2,2 kilo tungt og nyskrive verk dokumenterer på imponerande vis den mangfaldige nynorske skjønnlitteraturen.

Urbane kvinner

Tradisjonelt har nynorske forfattarar vore flest menn, med utsikt frå bygda eller frå dei kalde hyblane til forhutla bondestudentar og kunstnarar i Kristiania. I dag er dei fleste skjønnlitterære debutantane kvinner. Dei skriv gjerne frå byen, men har forankring og ekstra bagasje frå bygdemiljøet. Tradisjonen dei står i og den doble klangbotnen har appell, også i urbane miljø i inn- og utland.

Det Norske Samlaget feirar 150-årsjubileet sitt med å ha hyra Volda-professoren Jan Inge Sørbø til å skrive den første nynorske litteraturhistoria. Det var ei stor oppgåve. Han kom i mål på noko under 700 sider. På alle måtar er det eit verk som Det Norske Samlaget og forfattaren har ære av. Eit grundig register og noteapparat er på plass og innbyr både til krysslesing og nærstudium av dei omtalte forfattarane.

Pionerar

Jan Inge Sørbø presenterer raust og leseverdig dei store namna i den nynorske litteraturen det siste halvanna hundreåret. Her finn vi gode portrett av pionerar som Ivar Aasen og Vinje, her er artiklar om Garborg og Sivle, Vesaas, Fløgstad og Hovland, som alle har fått sine litterære pass påskrivne.

Ei utfordring er å kunne bruke plass på dei store, men likevel ha plass til dei mange. Sørbø greier begge delar. Han plasserer forfattarane trygt innanfor dei litterære epokane og finn nye samanhengar. Det har nok hatt sine sider. Dei nynorske forfattarane har alltid vore uregjerlege og vanskelege å setje i bås, oppflaska som dei gjerne er med eit opprørsk utanfrå-perspektiv både på språk og elitekultur.

Alt Ivar Aasen protesterte mot nasjonalromantikken og Aasmund Olavsson Vinje herja med bondeforteljingane. Den tradisjonelle gleda over diskusjon, kamp og sabelsvingande åtak på litterære konvensjonar er framleis ein neddempa, men merkande undertone også hos fleire av dagens nynorskforfattarar.

Oppdatert

Sørbø er oppdatert. Frå vår heimlege tue tek vi ein sjekk blant dei nyaste av dei sunnmørske litterære namna. Her er det ikkje slept nokre maskar. Vi kryssar av for eigne avsnitt for forfattarnamn som Øystein Vidnes, Øyvind Vågnes, Hilde Myklebust, Gunnhild Øyehaug, Øystein Orten, Aina Basso og Maria Parr. Marit Kaldhol og Hermann Starheimsæter har også fått gode ord, ho for klok formidling av nesten uoverkomeleg menneskelege drama, han for sin særeigne språklege musikalitet. Ragnfrid Trohaug, Alf Kjetil Walgermo. Liv Randi Bjørlykke, Trude Teige og dei tre grimstingane Ivar, Arne og Leiv Arne er også på plass. Blant mange andre.

Med nokre viktige unntak: Den nynorske litteraturhistoria er i stor grad historia til den sunnmørske skjønnlitteraturen.

Jan Inge Sørbø har skrive eit massivt verk om den nynorske litteraturen. Foto: Samlaget