Aina Basso frå Giske kan få den høgaste nasjonale litteraturprisen for boka ho ga ut i februar.

«Inn i elden» hentar handlinga frå hekseprosessane i Finnmark.  I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden og brent på bålet.

I begrunnelsen skriv juryen at «Basso demonstrerer på elegant vis hvordan vi med blikket på fortiden kan se vår egen tid klarere. Slik kan denne historiske romanen også belyse vår tids «hekseprosesser», tvangsekteskap og fordommer.»

- Vanskeleg å tenkje seg

Historikaren og forfattaren sa følgande til Sunnmørsposten før lanseringa:

-  Eg kjende jo til hekseprosessar i utlandet, til dømes i Salem i USA. Men at norske kvinner fekk skulda for skipsforlis og naturkatastrofar, og vart brent som hekser? Det har vore vanskeleg å tenkje seg at dette faktisk var verkeleg for folk.

Dramatisk

Forlaget skriv at romanen har to parallelle forteljarar: Den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ”klok kone” i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis.

Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 fulgte ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige.

Les meir om Aina Basso i papirutgåva fredag.

Her er den komplette lista over nominerte til Brageprisen 2012.

Åpen klasse: Ungdomsbøker

• Aina Basso: Inn i elden, Samlaget

• Linn T. Sunne: Lille ekorn, Gyldendal

• Arne Svingen: Sangen om en brukket nese, Gyldendal

• Harald Rosenløw Eeg: Hunger, Aschehoug

Barne- og ungdomsbøker

• Øyvind Torseter: Hullet, Cappelen Damm

• Gaute Heivoll og Lisa Aisato: Svalene under isen, Cappelen Damm

• Kari Stai: Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, Samlaget

• Geir Gulliksen og Anna Fiske: Iben og forvandlingen, Aschehoug

Sakprosa

• Jon Gangdal og Bjørg Gjestvang: Trond Bolle. Alles helt, min mann, Kagge Forlag

• Torbjørn Færøvik: Maos Rike. En lidelseshistorie, Cappelen Damm

• Tor Eystein Øverås: I dette landskap - Artikler og essay, Gyldendal

• Aage Storm Borchgrevink : En norsk tragedie. Anders Behring Breivik og veiene til Utøya, Gyldendal

Skjønnlitteratur

• Kjartan Fløgstad: Nordaustpassasjen, Gyldendal

• Kjartan Hatløy: Kjøkkendikt, Oktober

• Cecilie Løveid: Flytterester, Kolon

• Lars Amund Vaage: Syngja, Oktober