Blant høgdepunkta den populære rockefestivalen i Nordfjordeid tilbyr i år, er rockelegenda Iggy Pop.

– Det er vi veldig stolte av. Han er ein levande rockelegende, som ikkje stikk innom bygder på Vestlandet særleg ofte, seier Naustdal til Sunnmørsposten.

SJEF: Arnt-Ivar Naustdal er festivalsjef for Malakoff.

Også dei kjente utanlandske artistane Gogol Bordello, YelaWolf og Gojira tek turen til Nordfjordeid i løpet av helga.

– Vi har så høge forventingar som mogleg. Alle faktorar tilseier at det kjem til å bli den beste festivalen vi har arrangert kvalitetsmessig, seier Naustdal.

Variert

I utgangspunktet er Malakoff ein rockefestival, men årets program er variert, noko som gjer at festivalen drar til seg meir publikum enn berre rockefansen.

Kvelertak, Sivert Høyem, Onkel P & Dei Fjerne Slektningane, Gabrielle Leithaug og Odd Nordstoga er blant artistane som gjer at programmet inneheld fleire sjangrar.

– Vi er ein rockefestival, men vi har eit variert program slik at vi kan trekke til seg oss eit litt anna publikum også, blant andre dei litt yngre, seier Naustdal.

Populært campområde

Malakoff har gjennom dei 14 åra festivalen har blitt arrangert, bygt seg opp eit veletablert campområde, som dei einaste på Vestlandet. I år har den blitt utvida med fleire lavvoar på eit av områda.

– Det er noko Malakoff er stolte av, fordi campområdet ligg vegg i vegg med festivalområdet. Det er bra å ha eit tilbod om å overnatte på området, slik at ein slepp å reise utanfor sentrum for å finne overnatting, seier Naustdal.

Malakoff har vakse nesten år for år. Også no kan Naustdal fortelje om stor interesse for musikkfestivalen.

– Nesten 80 prosent av billettane er selt, og på dette tidspunktet har det aldri vore så mange selde billettar. Av erfaring kjøpar mange rett før starten eller i inngangen, så vi trur billettane forsvinn, seier Naustdal.