Rundt 30 grader i Nordfjordeid gjorde det heitt på klubbkonserten kvelden før Malakoff. Fullt hus var det også.

Yuma Sun frå Bergen er omtalt som eit «ragnarock-band» som sluker verda heil, medan The Dogs frå Oslo ikkje er så mykje verre, med Kristopher Schau som frontfigur og vokalist.

– Det var sikkert 50 grader inne i lokalet. Stemninga var veldig bra. Det vart ein veldig flott start på Malakoff 2016, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Opnar campen

Fredag føremiddag står 2.000 i kø for å sleppe inn på festivalcampen, og på ettermiddagen opnar Malakoff-scenene.

Festivalen tar mål av seg å presentere det beste innanfor norsk rock.  Les meir om festivalen her.

– Vi har veldig mange tilreisande til Nordfjordeid. Mange kjem frå Sunnmøre. Vi har bygt opp ein landsby med camp for 5.000, seier Naustdal. Etter litt småregn fredag ettermiddag ligg det an til fint vêr, ifølgje meldingane.

Smp.no er på Malakoff