Det store og tomme butikklokalet i Vikegata 37 vart fylt av musikk laga av barn og unge. Instrumenta dei brukte vart prega av ting du finn heime i ditt eiget hus.

Resultatet blei «Ein klang av indre ro», eit namn 11 år gamle Olliver Skogen fann på.

– Vi laga ein musikk som skapa ro. Det fekk meg til å slappe av, seier 11-åringen om namnet.

Mange: Det var rundt 30-40 barn som møtte opp på musikkverkstaden i Ørsta. Foto: Odd-Sølve Grannes

Han hadde ei flott oppleving på musikkverkstaden saman med rundt 30 andre barn i Ørsta.

– Det var kult. Vi brukte rytmiske instrument og fekk forskjellige oppgåver. Eg spelte på ei bakebolle, seier Skogen.

For 11-åringen er det ikkje uvanleg å laga musikk.

–Eg spelar tromme til vanleg. Musikken er betre då, seier Skogen.

Barnetilbod

– Vi må møte barna på deira premissar. Her får dei prøvd seg, og eg synast at dette var vellykka, seier Audun Ellingsen i Sommarljom.

Ekko

Drivhuset var ansvarleg for musikkverkstaden. Dei reiser landet rundt for å skape musikkglede gjennom slik verkstadar. I Ørsta fekk dei ein ekstra utfordring med ekkoet skapt av det tomme rommet.

Koffert: Audun Reksjø Lech (7) fikk spille «tromme» på ein koffert». Foto: Odd-Sølve Grannes

– Staden var ledig, og arrangøren syntest det var fint å legge det så sentralt, og det blei kjempefin lyd. Vi pleier vanlegvis å bruke etterlyden i rommet, så denne gangen kunne vi verkeleg utnytte det, seier Isak Anderssen frå Drivhuset.