17-åringen frå Volda har alltid vore musikalsk, mykje takka vere familien. Mor Siv Kristin Aurdal tek oppdrag i bryllaup og andre tilstellingar. Laurdag var det dotter Nora sin tur til å skine.

Musikklina

Det var likevel ikkje gjennom mora tilbodet om å synge på Sommarljom kom frå.

– Eg går på musikklina i Volda, og det var slik eg fekk moglegheita til å sunge her. Dei spurde om nokon var interessert, og eg tenkte, «kvifor ikkje?», seier Aurdal.

Jobb

Ungjenta hadde ikkje vanleg opplading til konserten. Fredag fann Aurdal ut at ho skulle på deltidsjobben på Apotek 1 i Volda.

– Det vart ikkje ein lang dag, så det gjekk fint. Det blei litt stressande, men no rekk eg å øve litt før konserten, seier Aurdal.

Den talentfulle songaren håper ikkje at jobben på Sommarljom blir hennar siste soloframferd.

– Eg har hatt nokre få oppdrag før, men eg prøver å komme inn i det. Mamma held på med frilans, og ho skal anbefale meg vidare. Så eg har lyst å prøve, men om det blir noko fast profesjonelt, veit eg ikkje, seier Aurdal.

To songar

I Ørsta Kyrkje song ho «Säg det igen» av Lisa Nilsson, og «The Move In My Mind» frå musikalen «Miss Sagion».

– Dei er ganske kjensleladde songar. Eg trivst litt med det, slik at eg kan uttrykkje meg, seier Aurdal.

I Sommarljoms program blir Aurdal presentert som eit lokalt talent og ein allsidig songar. Det siste er ein god beskriving, ifølgje ho sjølv.

– Eg syng litt av alt. Eg trivst i dei fleste sjangrar, og er synest det er veldig gøy å prøve nytt og synge forskjellig, men eg syng vel mest pop og rock. No øver eg litt på klassisk også, men det er ikkje klart til å vises fram enda. Eg spelar også litt gitar og piano, men berre heime, seier Aurdal.