Plata «Akustikar», som vert sleppt 21. april, avsluttar einmannsepoken til gitarist Stig Ulv.

– No har eg fått ut det eg hadde behov for å gjere åleine. Neste gong eg skal lage plate har eg lyst til å gjere noko heilt anna, fortel han.

«Akustikar» er laga i Hovdebygda, heime hos Stig Ulvestad – som han eigentleg heiter – og familien. Plata er spelt inn i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og sleppekonserten skal gå føre seg på same stad.

– Låten «Grend» på plata er ein ode til Hovdebygda. Eg har valt meg Hovdebygda denne gongen, fordi det er ein bra stad, seier Ulvestad.

Personleg

Om nyeplata seier han at det er den mest personlege han har laga. Etter at han vart far for to år sidan, har både songtitlane og mannen sjølv vorte mjukare enn før. «Kjærleik», «Snøv», og «Omsut» nokre av låtane.

– Eg håper og trur at eg har utvikla meg i løpet av dei fem platene eg har gitt ut dei fem siste åra, smiler 37-åringen.

Artisten som altså i lang tid har stått åleine på scenen med gitaren sin, drøymer no om å finne drivande gode musikarar å spele saman med.

– Ein kontrabassist eller ein annan strykar kanskje? Og ein trommis? Gi ut plate med TrondheimSolistene, det hadde vore noko! Kanskje eg kan setje dikt til songane mine, eller kanskje eg skal gå over frå akustisk til elektrisk gitar? Å kunne tøffe seg med rockegitar hadde vore kult. Eg leitar etter vegen vidare, og har mange tankar og idear, forklarer Ulvestad.

Turné

Men før det blir aktuelt å spele inn ny plate, skal han turnere med «Akustikar» både vel og lenge. Fram til sommaren har han 20 konsertar/oppdrag: Først sleppefest i Salen i Aasen-tunet 21. april, så konsert på Fiskå 22. april. Deretter blir det konsertar i m.a. Ulsteinvik, Oslo, Trondheim, Førde, Sandane, under Austefjorddagane, på Øvre Ljøen og ute ved Urke kaihus.