Første konsertane på heimebane

Tre album har ho gitt ut. Torsdag held Kari Harneshaug sine to første konsertar heime på Harøy – så på Terminalen i Ålesund.

Turnestart To konsertar i Sandøyhagen heime på Harøy i dag. Slik startar Kari Harneshaug vårturneen sin saman med musikarane Jonathan Fimland Kleven (bass), Karl Klaseie (gitar), Andreas Winther (trommer), Kjetil Mulelid (piano/synth), Håkon Brunborg Kjenstad (synth/bratsj). 

Musikk

– Eg har sunge ein song eller to på Julerock og andre tilstellingar her ute tidlegare, men dette er første gongen eg held ein heil konsert på heimlege trakter. No var det veldig på tide, og det blir kjekt å starte vårturneen på Harøy.