Låtslipp:

LiZZ med ny singel

Fredag 28. juni slepp kvamsøyjenta sin nye singel «This Time» via plateselskapet Gygre. Det er den fyrste av tre singlar som kjem ut dei neste månadane.

Ny låt: Fredag 28. juni slepp LiZZ frå Kvamsøya singelen «This Time». Den er den fyrste av tre låter denne høsten.  Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Musikk

Lisabeth «LiZZ» Brekke Sylthe kjem frå Kvamsøya, men har allereie spelt mange stader i Norge. – Eg har vore litt overalt i det langstrakte land, smiler ho. Ho har heldt på med musikk heile livet, og kan endeleg leve av det ho likar aller best.