Sleppefest i løa

Johnny Hide samla laurdag kveld over 100 publikummarar i løa til broren i heimbygda Gjerdsvika.
Musikk

- Med to store bursdagslag i området hadde eg aldri trudd det skulle komme så mange. Dette var kjempekjekt, seier Johnny Hide.

Saman med kamerat og musikalsk samarbeidspartnar Rune Berg, har Johnny akkurat avslutta konserten med smakebitar frå si ferske soloplate «An Honest Try».

Publikum er like begeistra, og fleire står i kø for å sikre seg eit signert eksemplar av plata som kom på marknaden måndag.

- Konserten var heilt perfekt. Det er ekstra spesielt når han spelar her, seier Sindre Slettestøl frå Gjerdsvika.

Frå Danmark
Det var ikkje berre sambygdingane som tok turen. Sunnmørsposten møter mellom fleire Thomas Jung og Marianne Bukh frå Danmark.

- Dette er vår første konsert i ei løe. Musikken har vi ikkje høyrt før, fortel det danske paret.

Årsaka til at dei hamna på løekonsert er besøk hos familie på Leinøya i Herøy.

- Eg likar musikken til Johnny Hide godt. Den minner om Coldplay. Roleg engelsk popmusikk, seier Rita Jung Leine.

Gode kritikkar
Musikkmeldarane samstemmer med publikum i Gjerdsvika. Dei aller fleste har trilla terningen til fem.

Ein av femmarane kom frå VG-journalist Stein Østbø som kalla «An Honest Try» for eit ærleg og svært godt forsøk: «Hides stemme - med virkning som valium - troner forsiktig og flott over et knippe drømmende, melankolske og varme låter, ofte folkinspirerte, i spennet mellom Gram Parsons og Led Zeppelin (og kanskje nylig avdøde Alex Chilton - R.I.P.).»

- Stein Østbø har tatt feil før, men denne gongen har han heilt rett og treffer 100 prosent i høve samanlikningane, seier Johnny.

Gjerdsvikaren er alt booka for fleire konsertar, både før og etter sommarferien - og han garanterar at han også kjem tilbake til Sunnmøre.

Les meir i Sunnmørsposten si papirutgåve måndag