Smektande tonar med unge solistar

Gjenkjennbart, humoristisk, smektande og elegant. Og litt pomp og prakt.
Musikk

Slik oppsummerer Øyvind Johan Eiksund sin første konsert som dirigent for Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

Festmusikk. 21. og 22. januar blir det festkonsertar i Berte Kanutte-huset.

På programmet står iøyrefallande repertoar med musikk av Offenbach, Strauss, Tsjaikovsky, Lehar, Elgar, Donizetti og Verdi.

– Det store løftet denne nyttårskonserten er den erkebritiske marsjen «Pomp and Circumstance». Dette er eit stort verk som stiller store krav til både storleik og dugleik til orkesteret, seier Eiksund, som tok over dirigentstokken rett før jul.

Sjølv har han utdanning som utøvande fiolinist og utdanning i musikkvitenskap og musikkpedagogikk frå Bergen og Trondheim, og er songar i Skruk.

Unge og spanande

Til sin første konsert med Voldaorkesteret har Eiksund fått med sopranen Karen Rosenberg Olsen frå Ørsta og tenoren Lars Ivar Nordal frå Volda.

Rosenberg Olsen bur i Oslo, der ho har studert musikkteater ved Baardarakademiet og seinare klassisk song ved Barratt Dues musikkinstitutt. Ho har motteke fleire prisar og stipend, og har blant anna tatt meisterklasser med elisabeth Norberg Schultz.

Nordal har to års utdanning frå Griegakademiet i Bergen, og er no busett i Berlin, der han studerer ved Hochschule für Musik Hanns Eisler. Han har vunne fleire prisar både nasjonalt og internasjonalt, og hatt fleire store roller ved ulike operaoppsetjingar.

– Dei er to unge og spanande songarar som kjem frå nærmiljøet, og som begge har heldt konsertar her oppe tidlegare.

– Dessutan er dette repertoar som passar veldig godt for tenor og sopran, seier Eiksund.