– Vi kjem til å hoppe i taket, minst, om låten vår vert spelt på radio, seier karane i rockebandet Lommerosk.

For ei veke sidan var bandet i studio og spelte inn songen «Social Education». Sist fredag la dei låten ut på urørt.no.

Under eitt døgn seinare var «Social Education» stemt opp på 12. plass, og måndag denne veka var bygderockarane heilt oppe på 2. plass på NRK P3 si Urørt-toppliste.

– Det er ikkje til å fatte at det er vår låt som ligg så høgt oppe på lista. Men det er sååå kult! Og det styrkjer i alle fall min sjølvtillit noko utruleg, seier vokalist Eirik Trovåg Bjørneset (15).

Vart tvinga

Lommerosk vart til for litt over to år sidan, i høve ei skuleavslutning på ungdomsskulen på Folkestad.

– Vi var eigentleg ein gjeng der alle spelte gitar. Men etter kvart fekk vi tak i ein trommis, og så tvinga vi Eirik til å syngje, forklarer Benjamin Bjørkedal (16).

– Eirik har blitt veldig mykje flinkare å syngje med tida, skyt trommis Jonathan Følsvik (15) inn.

I tillegg til dei tre nemnde, er også Tor-Stian Bjørneset (15) og Johan Bjørkedal (16) med i bandet. Lommerosk har spelt på ulike grendehus, på basarar, ungdomsklubben, juleball, og på eit korpsstemne.

Dei har også vore oppvarmingsband på Rokken i Volda,

Ikkje så harde

– Før korpsstemnet på Eid i fjor sommar, hadde vi berre spelt offentleg eit par gonger. Og så stod vi der framfor 1000 personar med dei to låtane våre. Vi var nervøse, men det var utruleg gøy, fortel Tor-Stian.

No har Lommerosk opparbeidd seg eit repertoar på sju-åtte eigenkomponerte låtar, og ei rekkje coverlåtar. Foo Fighters og Red Hot Chili Peppers er inspirasjonskjelder for dei unge musikarane.

– Vi spelar rock, men ikkje spesielt hard rock. Musikken vår er sånn at foreldra våre kan kjenne seg att i den. Både vaksne og unge seier at dei likar det vi gjer, seier Benjamin Bjørkedal.

Musikkdraumar

Han og Johan Bjørkedal går på musikklinja på Volda vgs., dei tre andre i bandet går på ungdomsskulen på Folkestad. Men alle fem er tydelege på at dei vil satse på musikken.

– Eg drøymer om å få reise på turné, seier Tor-Stian.

– Håpet er å kunne leve av musikken, drøymer Eirik.

– Men først håper vi på å verte spelte på radio. Å vere på Urørt-lista gir oss kjensla at å spele i band, det får vi til, smiler Johan.

Urørt.no er eit forum der ukjende band kan leggje inn musikken sin, som så kan stemmast på av publikum. Kvart år vert det kåra ein Urørt-vinnar. I fjor var det Mikhael Paskalev frå Ålesund som gjekk av med sigeren.

Les fleire musikknyheiter på smp.no

VIL PÅ RADIO. Bygderockarane i Lommerosk drøymer om å verte spelte på radio, om å få reise på turne og kanskje etter kvart leve av musikken. F.v. Johan Bjørkedal, Benjamin Bjørkedal, Jonathan Følsvik, Eirik Trovåg Bjørneset, Tor-Stian Bjørneset. Foto: Hild Nordal
Bandet Lommerosk. Foto: Marit Stensby