Berre eit drygt år etter at Stig Ulvestad frå Ørsta gav ut debutalbumet sitt, «Strengetonar», er han snart klar med album nummer to. Under artistnamnet Stig Ulv kjem «Klimprar» ut 12. april.

Tittelen er talande for korleis musikken har blitt til, for låtane kjem når han sit og klimprar på gitaren sin.

– Eg kan ikkje notar og skriv ikkje musikken ned. Låtane kjem av seg sjølv når eg har gitaren i hendene. No for tida kjem det nye låtar heile tida, fortel Stig.

Les fleire kulturnyheter på smp.no

«Feil»

Ved å jobbe på denne måten er det alltid ei viss fare for at låtane forsvinn. At han gløymer dei, rett og slett.

– Det er sjølvsagt ei moglegheit at det kan skje, men det har i alle fall ikkje skjedd til no.

– Kvifor ber du ikkje nokon andre om å skrive ned låtane for deg?

– Eg spelar så «feil» at eg trur det ikkje går an å skrive dei ned, ler Stig.

60 jobbar

Om han, musikkteoretisk sett, gjer mange feil, er det i alle fall eit stadig aukande publikum som set pris på musikken til Stig Ulv. Debutplata, som kom ut i januar i fjor, har selt i rundt 800 eksemplar.

Stig Ulv har dessutan hatt vel 60 spelejobbar over heile Norge det siste året.

Dei fleste innan musikkmiljøet på Nordvestlandet kjenner godt til Stig Ulv. Før han gav ut debutalbumet i fjor, hadde han vore frilansgitarist i over ti år.

Det var vener som sjølv er musikarar som overtalte 32-åringen til å gje ut eigen musikk.

Biprosjekt

Tidlegare hadde ikkje Stig Ulv heilt troa på seg sjølv som soloartist. Han har heile tida hatt musikken som eit biprosjekt, og jobbar framleis i hundre prosent stilling som rådgjevar innan IKT i Helfo.

Tanken om å leve av musikken har fått større grobotn det siste året.

– Ja, eg legg ikkje skjul på at det er det eg aller helst vil. Men eg bør kanskje få meg eit management som kan hjelpe til litt.

Til no har nemleg Stig Ulv gjort alt sjølv – frå å promotere musikken sin til å booke konsertar.

– Eg satsar på å ha rundt 40 konsertar i år, og har allereie booka Ørsta, Ulsteinvik, Ålesund, Førde, Trondheim, Voss og Bergen.

Meir lyd

Dei ti låtane på «Klimprar» har eit breiare lydbilete enn det som var på «Strengetonar».

– På denne plata er det fleire instrument og meir lyd. Men samtidig ein klar raud tråd, fortel Stig, som framleis held seg til instrumentalmusikk.

– Eg syng ikkje og skriv ikkje tekstar, så då blir det slik, seier han enkelt, men legg til:

– Derimot speler eg både bass og melodi samtidig på gitaren.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no