Ny leiar på ID-huset

NRK-medarbeidar Inger Johanne Ruset fra Valldal har takka ja til stillinga som ny dagleg leiar på Ingebrigt Davik-huset. Ho tiltrer stillinga 13. oktober.

Ny leiar Inger Johanne Ruset ny dagleg leiar for ID-huset  Foto: Privat foto

Scenekunst

Inger Johanne Ruset (f. 1985) frå Lingegrend i Valldal har jobba som vikar i NRK Møre og Romsdal etter å ha vore nynorskpraktikant frå januar til juni i 2013.

Før det har ho vore journalist i det finske mediselskapet Futuvision Media, med base i Tammerfors, og Kina som spesialfelt.

Den nye leiaren for kino- og kulturhuset i Brattvåg har ein dobbel mastergrad, med medieteori ved Londom School of Economics and Political Science med internasjonal politikk og eit år på instituttet for journalistikk ved Fundanuniversitetet i Shanghai, med praktisk undervising og innføring i det kinesiske mediesystemet.

Ho har ein bachelor i samanliknande politikk og ein i medievitskap frå Universitetet i Bergen.

Medan ho studerte der var ho PR-ansvarleg for Studentersamfunnet og aktiv i Studentradioen i Bergen. Ho har vore aktiv i ei rekkje lag og organisasjonar.

Styret i Ingebrigt Davik-huset innstilte Inger Johanne Ruset som nummer ein til stillinga. Nummer to var Kjetil Heggdal.

Nestleiar Arild Eiken meiner dei har vore heldige som har hatt så mange gode søkjarar til stillinga.

- Grunnen til at Inger Johanne fekk jobben er at vi meiner ho er eit veldig spennande alternativ for oss. Entusiasmen ho viser for huset, den innsikten og erfaringa ho har innanfor kultur og ikkje minst erfaringa ho har når det gjeld utadretta virksomheit mot media og sponsorer.

- Internt trur vi også at ho vil bli ein stor motivator og inspirator, og bringe det nye vi treng no til ID-huset, seier Eiken.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Scenekunst