Herøyspelet:

Dramatisk spel i vakker natur

Dramatisk, mektig song og musikk - og med den vakre naturen vert Herøyspelet ei fantastisk oppleving.

  Foto: Nils Harald Ånstad

Scenekunst

Publikum sitt møte med Herøyspelet er òg eit møte med den idylliske Herøya. Sentralt plassert i Herøyfjorden var dette sentrum i området som i dag utgjer Herøy kommune.

Sulten på kultur? Få full oversikt i vår kulturkalender

Med utsikt over fjorden får vi fortalt historia om fagre Unn (Agnes Kittelsen) og hennar val mellom berserken Møre Karl (Jon Bleiklie Devik) og sin trulova Ingolv (Frode Bjorøy).

Kong Olav Tryggvason i Fredrik Steen sin skikkelse har og ei sentral rolle. Historia har si kime av sanning då Olav sitt besøk på Herøy er fortalt i Snorresoga.

Myndig konge

Historia er fortalt med kraftige verkemiddel. Her er flammar, sverdkamp, eksplosjonar og heftig korsang på eit bakteppe av orkesterlyd. Dei kraftige verkemidla kler historia godt. Det er nemleg ei dramatisk historie dei kring 200 aktørane framsyner.

Blodhemn står sentralt. Det same gjer religion og behovet for orden i ei valdeleg tid.

Fredrik Steen er myndig som den vise kongen. Han syner ein type skodespel vi ikkje er vant med frå komikaren. Men han ber rolla godt og er truverdig.

Truverdig er òg Agnes Kittelsen si tolking av fagre Unn. Best er likevel Jon Bleiklie Devik.

Han er herleg som berserken Møre Karl. Heidningen, vikingen og opprøraren. Han spyttar og bråkar. Slåst ikkje rettvist, men bruker ballespark og tjuvtriks, alt framført med ein vill energi.

Morosamt

Han står i spissen for herjungane som spreier kvalm på Herøy. Den gjengen, som dei fleste andre av aktørane på utescena, er spela av amatørar frå heile Søre Sunnmøre.

Du kan sjå at dei som spelar herjungane nyt det å stå på scena. Det er frodig og morosamt.

Heldigvis har det gravalvorlege stykket slike innslag av komikk. Det letter stemninga for halvannen time med dystert alvor hadde vore lenge.

Natur

Spelet har eit stort innslag av song. Deler av historia er fortalt gjennom song. Skodespelarane gjer gode songprestasjonar, men det er når koret smeller til at vi blir skikkeleg rivne med av musikken.

Bakdelen med å fortelje deler av historia gjennom song er at det kan vere litt vanskeleg å få med seg alt. For ein som ser stykket for fyrste gong så kan det gjere at ein kan gå glipp av nokre mindre moment.

Det er likevel ikkje ei alvorleg innvending. Og det er mykje meir å skryte over enn å sette fingeren på i dette spelet.

Det er ei flott totaloppleving å site i det vakkert tillaga amfiet med utsikt over Herøyfjorden. Du høyrer motorduren frå båtar som passerer, noko som saman med spelet viser ein vakker kommune tett knytt til havet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Scenekunst