< Du kan bli publikum på Stig Ulv si nye live-plate - Sunnmørsposten

Kulturstrøm klokka 20.00 torsdag kveld:

Du kan bli publikum på Stig Ulv si nye live-plate

Artisten Stig Ulv frå Ørsta var torsdag nestemann ut i serien «Kulturstrøm» frå foajeen i Parken kulturhus. Han spelte heilt nye låtar, og opptaket skal bli til ei plate.

Kulturstrøm: Plateinnspilling med Stig Ulv

kulturstrom

– Eg tenkte først å halde ein vanleg konsert. Men no blir det i staden konsert og plateinnspeling, med ti nye låtar eg har laga i koronatida, fortel Stig Ulv – eller Stig Ulvestad, som er hans eigentlege namn. Torsdag kveld kan ein sjå konserten på smp.no.

Han hadde avtaleboka full då pandemien slo til, og alt av konsertar vart avlyst.

– Så då måtte eg finne på noko anna, og begynte å lage nye låtar – omtrent ein ny i veka. Desse presenterte eg på Facebook, og fekk god respons.

Stig Ulv er klar for konsert og plateinnspeling på Parken kulturhus.  Foto: Nils-Harald Ånstad

«Hjartevarme»

39-åringen fortel at dette har ført til at han no har bestemt seg for å gje ut ei plate med dei nye låtane. Tittelen på plata er «Hjartevarme», som også er tittelen på opningssporet på plata.

– Det blir i første omgang ei digital plate som kjem ut i haust. Også blir det forhåpentlegvis ei vinylplate neste år, når eg kan feire ti år som artisten Stig Ulv.

Han fortel at tittelmelodien er ein takk til ein spesiell arrangør i Lunde i Telemark, som viste utruleg hjartevarme overfor han.

– Plata er laga med tanke på den spesielle tida vi har opplevd dei siste månadene. Dette er den mest personlege plata eg har laga.


Stig Ulv frå Ørsta skal halde Lars Monsen med tonefølgje:

Ørsting lagar musikk til sakte-TV med Lars Monsen: – Vil han ha ulv, skal han få ulv!


Mange album

Ulven: Stig Ulvestad vart kalla Ulv av musikklærar Alf K. Vatne på ungdomsskulen. Musikarkollega Egil Olsen tykte dette klang så godt at under ei plateinnspeling insisterte han på kunstnarnamnet Stig Ulv. (Arkivbilete)  Foto: Knut Arne Aarset

Og han har laga nokre etter kvart. I alt har det blitt seks studioalbum og eitt livealbum så langt. Sidan 2012 har han skrive heile 60 låtar.

39-åringen er glad for at han har eit anna arbeid ved sidan av å vere artist. Det gjorde at han kunne takle nokre månader utan oppdrag. Men no ser det ut til å lysne:

– Eg har begynt å booke konsertar til hausten. No har eg allereie seks-sju spelejobbar klare.

Stig fortel at han spelar over heile landet, og gjerne i større rom, ikkje minst kyrkjer og kulturhus.

– Eg likar meg i større rom, der folk sit for å lytte. Eg er for lengst ferdig som pubmusikar, ler Stig Ulv.


Film om einsam Ulv:

Sjå dokumentaren om Stig Ulv

– Denne filmen formidlar ord og tankar som instrumentalmusikken min ikkje har.


Applaus på plate

Men dei må gjerne klappe, dei 40 som får plass på strøymekonserten på Parken kulturhus torsdag. Då kan dei rekne med å bli ein del av liveplata, når ho kjem til hausten.

På scena torsdag er han einaste musikar, men han har med seg eit større knippe strengeinstrument. Så heilt åleine er han aldri.

PS. Eventuelle Vipps-inntekter frå konserten har Stig Ulv bestemt skal gå til organisasjonen Plan Norge.


Her er programmet for Kulturstrøm

Lurer du på hva som er neste konsert i Kulturstrøm? Her finner du svaret.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
kulturstrom