Stranda SK er ein liten klubb. Ein klubb der alle jobbar hardt for det som skulle vore den årlege stormønstringa; Alperittet. Syklistar som kunne vore deltakarar, ofrar seg for arrangementet, og vert funksjonærar.

– Det er så reint for lite. Arbeidet er det same anten det er 30 eller 90. Vi er kome til eit punkt der vi må ta ei vurdering av rittet si framtid. Vi manglar breidda. Nivået på dei som stiller er høgt. Mitt inntrykk er at landevegssykling er meir populært enn terreng, og vi konkurrerer mot ei rad aktivitetar, for eksempel er toppturar til ulike fjell i vinden som aldri før, seier leiar i Stranda SK, Ingvar Ola Eliassen.

Posisjoneringskamp

ÅOC hadde med seks utøvarar i rittet, to av desse kom med i tetgruppa på seks som kjempa om sigeren. Stig Svalheim frå Sandane var åleine i tet opp fjellet, men måtte gi tapt for kvintetten bak. Og det vart fjorårsvinnaren, André Fiskerstrand, som drog lengste strået. På ein dag der alle dei beste på eit punkt vart vist feil veg, men heldigvis kom seg inn att på rett løype.

Håkon (15) imponerte

Den som markerte seg mest i Alperittet laurdag var likevel Håkon Nore Bjerkvik. 15-åringen frå ÅOC hang med teten heilt til mål, vart femtemann totalt, men berre tidelar av eit sekund bak vinnaren.