Den vart avvikla frå fredag til sundag med 65 gutar og jenter i alderen 11–16 år som hovudpersonar. Rundt dei var det ei rekkje instruktørar, dei fleste hadde arrangøren Stordal Idrettslag henta frå eigne rekkjer.

Pål Bjørn Øvrebust hadde hovudansvaret av trenarane, godt hjelpt av juniorane Petter Løset Skodjereite, Martine Lorgen Øvrebust, Petter Elias Vestre Røkke, Vilde Lorgen Øvrebust og Andreas Hjelle.

Dei tre sistnemnde er elevar ved Stranda Skigymnas, mens Petter Skodjereite og Martine Lorgen Øvrebust er stasjonert på Lillehammer og medlemmar av to juniorlandslag. Også den dyktige trenarduoen til Storfjordlangrenn; Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel bidrog under heile samlinga.

Teknikktrening

– Kva vart det lagt mest vekt på?

– Slik vi pleier å ha det; mykje teknikktrening på rulleski. Forholda var eigentleg fantastiske, men grunna minusgrader om natta vart det glatt asfalt enkelte stadar. Det var utfordrande, fortel Røkke og Øvrebust.

Stordalshallen vart også nytta, ikkje minst var klatring i den flotte klatreveggen der populært. Der stilte Kjell Muleid og Helga Øvrebust opp som hovudinstruktørar og sørga for sikkerheita til dei som ville prøve seg som klatrarar.

Samlinga vart tradisjonen tru avslutta med konkurransar sundag; terrengløp i ei fast løype og så ei rulleskirenn som vart flytta til byggefeltet på Øvrebust sidan det der var tørr afsfalt på føremiddagen.

– Det var i grunnen bra at vi måtte endre løypetraséen til rulleskiløpet. For den vi nytta no var meir variert. Deltakarane måtte både gå enkeltdans, dobbeltdans og padling, fortel Pål Bjørn Øvrebust.

Han er også trenar for kretslaget for juniorar som i går var på plass i løypene på Ullsheim ved Stryn. Der skal kretslaget ha samling til og med fredag.

Gålå-sprinten fyrst

– Når er det alvor på snø?

– Eg reknar med at sju, åtte løparar blir med på Gålå-sprinten, siste helga i november. Så er det lokalt opningsrenn på Bjorli, slik det har vore dei siste åra, seier Pål Bjørn Øvrebust.

Rennet på Bjorli går helga før jul.