Men bortsett frå dei to poenga var det ikkje veldig mykje som gleda heimepatriotane denne gong. Bergsøy brende den eine storsjansen etter den andre, noko som gjorde at gjestene nær sagt i heile kampen hadde nærkontakt med heimelaget.

Før kampen søndag hadde Bergsøy 10 poeng, Kristiansund 6. Men det såg ut som om BIL-spelarane ikkje heilt tolte favorittstempelet.

– Dette var utan tvil sesongverste frå oss. Vi bomma på altfor mange sjansar, samstundes som vi står dårleg bakover i forsvar, meinte assistenttrenar Jørn Remøy.

Han trur at årets Bergsøy-lag vert veldig bra når spelarane vert meir samspelte. Der står att det framleis mykje arbeid for trenar Igor Dokmanovic.

Som vanleg var det brørne Evaldas og Zilivinas Grieze som avgjorde. Dei scora dei fire siste måla til BIL, og Evaldas vart toppscorar med sine sju mål. Zilivinas scora seks. Og no er Bergsøy oppe på 4.-plass.