Laurdag var det sprint som stod på programmet på Gålå, men det blei ikkje ei så god oppleving som stortalentet hadde håpt på.

– Eg hadde eit håp om å komme til finalen, men det gjekk ikkje så bra. Det var ein dårleg dag for min del, seier Lorgen Øvrebust til Sunnmørsposten.

Det sa stopp for jenta frå Stordal i semifinalen og det blei til slutt 10.-plass totalt sett i den eldste juniorklassa.

– Det var berre min egen feil at det gjekk slik, seier ho.

Over minuttet bak

Men det gjekk mykje betre for Lorgen Øvrebust på søndagens 10 kilometer. Her enda stortalentet på andreplass med tida 32.17. Det var 1.02 bak vinnaren Marte Mæhlum Johansen, Østre Toten Skilag.

– Plasseringsmessig var det slik eg trudde det kunne bli, så det var greitt. Eg stressa veldig mykje på det tekniske, så det viktigaste for meg var å gå bra på ski. Eg skulle gå to jamne rundar, og det klarte eg, seier ho.

For Lorgen Øvrebust var dette den andre konkurransehelga, men for dei andre lokale langrennshåpa var dette sesongdebut på Gålå.

Større tropp enn vanleg

– Det er gledeleg at vi hadde med oss så mange som åtte gutar og fire jenter frå kretsen vår. Det har ikkje vore med så mange i åra før, seier kretslagstrenar Pål Bjørn Øvrebust.

No håper han på meir skiføre i fylket framover.

– Det var veldig greitt å få gått på ski og konkurrert skikkeleg igjen. Vi hadde enkelte brukbare prestasjonar, seier han.

God innsats Åsmund Ertresvåg Jakobsen (Emblem IL) enda på 16.-plass i M17-klassa.

Han trekk fram Åsmund Ertesvåg Jakobsen (Emblem IL) som fekk 16.-plass i M17-klassa søndag.

– Han har ikkje gått 10 kilometer før, og gjekk eit jamt løp der han gjekk seg opp fleire plassar på den andre runden, seier Øvrebust.

Anders Hjelle (Stordal IL) enda på 26.-plass i same klassa. I K17-klassa gjekk Vilde Lorgen Øvrebust (Stordal IL) inn til 14.-plass og Helene Krokfoss (Stordal IL) fekk 17.-plass. I M18-klassa kom Ludvig Vartdal (Emblem IL) på 21.-plass.