Skyting:

Trine Ramsvik Stette vann tre skytestemner på ei helg

Trine Ramsvik Stette frå Engesdal og Skodje held fram med å imponere på skytebana. I helga noterte ho seg for tre gull på fire stemne.

Treffsikker: Trine Ramsvik Stette er særs treffsikker med geværet. I helga vann ho tre av fire store lokale stemne, og har vore i storform heile dette året, trass i at ho studerer ved Lærarhøgskulen i Volda, og ikkje får trene så mykje. Foto: Privat 

Skytetreninga innskrenkar seg til lokale stemne i helgane

Trine Ramsvik Stette
Lokal sport

I Ørskogstemnet toppa 20-åringen med 245 poeng, eit resultat ho også gjentok i Gylsmyr-stemnet i Engesetdal.