– Det er heilt utruleg at det går an, men det er sjølvsagt veldig kjekt, seier 13-åringen.

– Eg hadde aldri trudd det skulle bli siger i alle cupane. Det er spesielt kjekt å vinne med dei som er eldre enn meg, seier keepertalentet.

Vann med storebroren

I G15-klassa fekk han spele saman med storebroren Andreas, og det var sjølvsagt litt ekstra stas.

– Mattias er ein uredd keepertype, som kanskje gjer at han klarer så godt å spele med dei som er eldre. Han var ein viktig bidragsytar til at det blei cupsigrar for desse laga, seier Sander Håskjold Nyland, som er trenar for G13-laget som gjekk til topps i helga i Ørskoghallen.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.

I tillegg til siger i G13, G14 og G15-klassene, så har Hødd vunne G19 og kom til kvartfinalen i G16.

– Vi har ikkje trent på futsal inn mot cupane, men har meistra det godt likevel. Det er litt spesielt, men G13 og 14 er vande til å trene på små område slik dei lærer seg å orientere seg raskt. Det er mogleg det hjelp, men i tillegg har vi nokre gode årskull, seier trenaren.

G13 kunne juble i helga etter at dei slo Ørskog 5–1 i finalen.

– Vi tok leiinga og det blei raskt 1-1, men det var eigentleg ingen tvil om at vi skulle vinne, seier Håskjold Nyland.

Elling Kongsnes Jørgenvåg frå Ørskog blei toppscorar i G13-turneringa.

Siger til FK Sykkylven

Cupmeistrar FK Sykkylven J13 vann sin årsklasse. Celin Vollset (f.v.), Maria Erstad, Ida Nygård, Oline Flemsæter Johansen, Benedicte Solbjør og Natalie Hjellegjerde spelte på laget.

Det vart også arrangert futsal cup i to andre årsklasser i helga. I G16-klassa blei det heimesiger til arrangøren Stranda. Dei vart meistrar etter å ha slått Ørskog/Stordal 3–1 i finalen. Stranda-spelar Trym Jarvik blei toppscorar i cupen med ti mål.

I J13-klassa var det siger til FK Sykkylven etter at dei slo Blindheim 4–3 i ein jamn og spanande finale. Maria Nygård Erstad frå FK Sykkylven blei toppscorar i cupen med 14 mål. Ho blei den store helten i finalen med alle scoringane for cupmeisteren.