– Det gjekk som vi frykta. Korsbandet rauk i venstre kne. Vanessa skal opererast seinare i januar i Trondheim. Sesongen er over og ho kan tidlegast vere speleklar på seinhausten, seier Halldor Stefan Haraldsson.

Han er trenar for Volda sitt damelag i handball. Som leiar tabellen i 2. divisjon avdeling 4, der ei rekkje lag kan vinne når sluttstrek skal settast i april.

Lørdag ettermiddag skal Volda møte Byåsen Bredde, i Trondheim. Utan Vanessa Sunde Hoel som har vore av dei beste på laget så langt denne sesongen.

– Vi har andre bakspelarar som må ta ansvar, til dømes Marthe Nornes og Hanna Ræstad. Dessutan vil 17-åringane Andrine Brandal Dahl og Monika Moe få sjansen utover i sesongen, seier Haraldsson.

Fem lag kan vinne

– Kva trur du om innspurten, de går for opprykk?

– Vi er eit av fem lag som kan vinne til slutt, seier Volda sin trenar og siktar til Charlottenlund, Oslostudentene, Bækkelaget og Sverresborg som alle har sjansen til å komme i ein kvalifisering.

For vinnarane av dei fire avdelingane i 2. divisjon skal møtast i ein kvalifisering der tre av dei fire rykkjer opp til 1. divisjon i sesongen 2017/18.

– Kva tru du om kampen mot Byåsen Bredde, eit lag dykk slo klart på heimebane i haust?

Overraska over kamoppsett

– Du veit aldri med toarlaga. Og ikkje minst Byåsen som har sitt fyrstelag i eliteserien. Dei spelte blant anna uavgjort mot Sverresborg før jul og kan hente ned spelarar med eliteserie-erfaring, seier Haraldsson. Han forventar ein tøff kamp.

Trenaren er elles overraska over kamoppsettet.

– Vi skal spele fem kampar i januar, to i februar, ein kamp for heile mars og så avsluttar vi med heimekamp mot Ålesund 10. april. Men vi får berre akseptere at det er slik, seier Halldor Stefan Haraldsson.