Volda og Ørsta Bordtennisklubb tronar øvst i eliteserien. Det er laurdag og klubben tek i mot fylkesrival Molde og Trondheimslaget Vikåsen til kampar i Voldahallen. Det smeller kraftig i ein elles stille hall, når utøvarane sett foten i bakken og servar.
Heimelaget har mange unggutar på laget. Aller yngst er den 15 år gamle voldingen Sigurd Tjalveson Sørheim. Han trenar 17 timar i veka og er ein av sju spelarar på juniorlandslaget. Sørheim går siste året på Volda ungdomsskule, og er i gang med legge bordtennisplanar for framtida.
Se video: Så fort går det når bordtennis-eliten spiller!
Heilt likt
I den første kampen, mot Molde er det daudt løp til siste sprett.
– Gutane må få kjenne på sving, skru og tempo
På stillinga 2–2 var Sigurd Sørheim og den to år eldre Fredrik Meringdal saman i dobbeltkamp.
Timeout hjelpte
Molde får eit overtak og vinn eit sett. Ikkje lenge etter, tek trenar Tor Hallaråker timeout. Han gir gutane sine beskjed om å sende fleire ballar mot ein av dei to motspelarane. Det gir resultat. 3–2 til Volda.
– Vi vann fordi vi klarte å konsentrere oss om råda frå trenaren, seier Sørheim. Samanlagt endar det 5–5.
Mot Vikåsen får Volda & Ørsta sjansen til å vinne når poengtavla visar 5–4. Nicholai Forsland Zappga frå Skodje, blir sendt i dyst mot Vikåsens 14-åring, Christopher Chen. Førstnemnde vinn alle setta, og sikrar 6-4-siger til tabelleiaren.
Gjorde rent bordtennis-bord
Vil på toppidrettsgymnas
Sjølv om Volda har vunne serien to år på rad, og ragar på toppen no, flyttar Hallaråker favorittstempelet over på ein bergensklubb:
– Laksevåg har av økonomiske grunnar spart på profilane sine til sluttspelet. Dei vil bli svært vanskelege å slå, meiner han.
– Å bli fast på juniorlandslaget. Kanskje kan eg også spele på seniorlandslaget i framtida.
15-åringen ser for seg å byrje på bordtennislinja på eit toppidrettsgymnas i Bærum, når han no snart har fullført skulegangen i Volda.