– Det var ikkje forventa at eg skulle bli tatt ut, men eg hadde eit håp om at det kunne gå bra, seier Jonas Kvalsund Hansen til Sunnmørsposten.

Ifølgje biljardforbundet er kriteria for å bli tatt ut at ein har gjort det godt i NM eller andre turneringar. Det handlar også om kven som viser vilje til satsing, har ei positiv haldning og er gode rollefigurar i biljardmiljøet.

Med for første gang

– I junior-NM fekk eg ein førsteplass, to tredjeplassar og ein femteplass. Eg synast det var veldig kjekt å få ein slik mogelegheit. Det er første gong eg får sjansen til å vere med på eit slikt meisterskap, seier han.

14-åringen skal konkurrere mot andre europeiske ungdommar som er under 17 år.

– Alderen på konkurrentane variere mykje frå 16 år og kanskje heilt ned til ti år. Men i Norge må ein vere 13 år og eldre for å kunne delta på eit slikt meisterskap.

Tøff konkurranse

I klassa under 17 år skal biljardforbundet sende tre deltakarar, men det er også med fem til som skal vere med i junior-EM. Meisterskapet går føre seg i den nederlandske byen Leende.

– Eg har ikkje så store forventningar, for det kjem nok til å vere veldig tøff konkurranse. Eg er der mest for å få meir erfaring, men eg håper sjølvsagt at eg vinn nokre kampar, seier 14-åringen.

Junior-EM varer frå 31. juli til 8. august.

Byrja som elleveåring

– Eg har ikkje fått vite kven eg skal spele mot og når det er, så det blir litt spanande å sjå. Eg gleder meg til å få sjansen, det blir nok kjekt.

– Kor lenge har du heldt på med biljard?

– Vi har hatt eit biljardbord ståande heime sidan eg var åtte år, men eg byrja å satse på biljard då eg var elleve år, seier 14-åringen, som representerer Herøy Biljardklubb.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.