Fortel Trond Berg, leiar i Dimna IL og siktar til kva som skal skje om tre veker då klubben si store stjerne; Karsten Warholm er i aksjon under VM i London. Finalen på 400 meter hekk vert avvikla onsdag 9. august.

– I fjor var vi fyrst samla i Ulsteinhallen før vi såg OL-finalen i kulturhuset Sjøborg, seier Trond Berg. Sjølv om finalen i Rio gjekk klokka 01.30 norsk tid var ein fullsett sal på kring 200 Dimna-medlemmer møtt fram for sjå TV-sendinga.

– Trur du Karsten kan ta medalje i London?

– Eg vert ikkje sjokka dersom det skjer, men berre å komme til finalen er stort for ein 21-åring som vi er særs stolte over, seier Trond Berg.