Han siktar til beskjeden frå fotballforbundet om at fire av fire dommarar i 4. runde-kampen i cupen mellom Kristiansund BK og Florø 9. august er frå IL Valder. Sigurd Smehus Kringstad blir hovuddommarar, Øystein Ytterland og Jim Dyb assistentdommarar, medan Sigurd sin veslebror Mathias er teken ut som fjerdedommar.

– Eg veit ikkje om noko liknande har skjedd tidlegare, men det er i alle fall veldig stort for oss. Det er noko vi har håpt på lenge. Likevel kom beskjeden som lyn frå klar himmel, fortel Sigurd Smehus Kringstad.

Håper på eliteseriekamp

Til vanleg dømmer han i 1.-divisjon. Kringstad er den einaste frå 1.-divisjon som er utteken som hovuddommar i denne cuprunden.

– Dette uttaket er jo heilt fantastisk. At alle dommarane er frå same klubb har sikkert skjedd før, men oppe på dette nivået er det vel unikt. Vi er godt nøgde med dette uttaket. No går vi for å dømme ein eliteseriekamp i lag snart, supplerer veslebror Mathias.

Begynte tidleg

Han er til vanleg hovuddommar i 2.-divisjon og fjerdedommar i Eliteserien. Både Jim Dyb og Øystein Ytterland er assistentdommarar i Eliteserien. Både Mathias Kringstad, Dyb og Ytterland er fødde i 1989, to år etter Sigurd.

– Eg hugsar godt då eg og Øystein tok rekrutteringsdommarkurset. Det var då vi gjekk i 10. klasse. Jim tok kurset året etterpå, minnest Mathias.

Les flere saker om lokal fotball.

Deler erfaringar

Då var storebror Sigurd allereie godt i gang. Og sidan har det gått slag i slag med fløyte, klokke og linjeflagg oppover divisjonane.

– Eg vaks jo opp berre eit par steinkast frå Sigurd og Mathias. Så vi har i grunnen kjent kvarandre heile livet. Og vi har delt erfaringar med kvarandre som dommarar heile vegen. Det gjer dette uttaket ekstra kjekt. Jim har vi jo også kjent i mange år, sjølv om han vaks opp på Ellingsøya, seier Øystein Ytterland.

For nokre år sidan fekk Valder-kvartetten dømme ein kamp i 1.-divisjon. Men Ytterland er klar på at dette uttaket er endå gjævare.

– Åttandedelsfinale i cupen er endå eit hakk opp, seier han.