– Det ser ut som det blir eit særs bra vêr, som gjer dette til ei fin konkurranse. Om det blir så gode temperaturar som det er meld, så kan det bli tøft opp gjennom fjellet, seier Magne Eivind Glomnes, som er ein av arrangørane.

Det er ellevte gongen at Mefjellet opp blir arrangert. I fjor var det med 63 i konkurranseklassa og 103 i mosjonsklassa. Foreløpig er det ikkje like mange som har meldt seg på i konkurranseklassa.

20 på meldt til no

– Vi har ikkje fått inn meir enn rundt 20 påmeldingar, men det er slik det brukar å vere. Det er først når det er veldig nær start at dei fleste melder seg på. Vi håper på auka deltaking dei neste dagane, seier han.

– Vi regner med det blir rundt 50 med i konkurranseklassa, men det kan også komme opp i 70. Det er litt vanskelege å seie akkurat no. Eg ser det er med både dei vanlege og nokre nye, seier Glomnes.

Jelstad vann i fjor

Han regner med det er fleire som er på Sunnmøre som kjem til å melde seg på Mefjellet opp, akkurat som det har vore tidlegare. I fjor var det Stian Stærkeby Jelstad frå Modum FIK som vann konkurranseklassa på tida 51.05, medan Elisabeth Hildenes frå Eid IL vann kvinneklassa på tida 54.38.

Rekordhaldaren ikkje påmeld

Rekorden er det Johan Bugge frå Eidsvåg IL som har. Den tok han i 2015-utgåva då han sprang inn til 42.57.

– Bugge har ikkje meldt seg på endå, men det er mogeleg han kjem om det passar i opplegget han køyrer, seier Glomnes.

Mefjellet opp inngår i Sparebanken Møres motbakkecup i år, der også Blåfelden rett opp, Melen opp, Klauva opp, alle på Sandfjellet, Stornebba, Freikollen opp og Saksa opp.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.