- Akkurat no er det veldig surt. Vi hadde mange sjansar denne kampen. Men dette skal vi legge bak oss fort. Det har vore ei kjekk turnering, og vi har fleire kjekke dagar her i vente sjølv om vi er ute, seier Lisa Raknes.

Den tøffe jenta var altså keeper for eit gutelag. Men ho klarer seg meir enn bra nok. Ho sleppte ikkje eit einaste mål verken i ordinær tid eller i ekstraomgangen mot i 1/32-finalen mot Giv Akt.

Tema-side: Alt fra Norway Cup

Indrebø veldig nær

I den første ekstraomgangen var Langevåg best. Igjen kunne Ole Andreas Indrebø med litt meir flaks ha avgjort det heile for gultrøyene. Men som i ordinær tid var det igjen Giv Akt som var best etter pause. Så 0-0 og straffespark-konkurranse var vel greitt nok.

- Veldig stolt

Straffekonken vart ulideleg spennande. Giv Akt bomma på si første straffe. Og ved eitt tilfelle redda Lisa Raknes meisterleg – før ballen deretter sneik seg over mållinja. Etter at begge laga hadde tatt fem straffer kvar stod det 4-4. Så bomma Langevåg, før Giv Akt scora, og dermed var det snipp, snapp, snute for Langevåg 3.

- Eg er veldig stolt av heile gjengen, både vårt lag og dei andre Langevåg-laga, seier Raknes - til dagleg keeper for Fortuna.

Alle blir sett

At Langevåg stiller heile tre 11-arlag i G16-klassen er forresten svært imponerande. Heile 44 spelarar er med, og dei er delte inn i tre like gode lag. Ifølgje dagleg leiar Vegard Eikrem er det nettopp denne tankegangen som gjer at Langevåg har fått så mange spelarar med seg opp i denne årsklassen.

- I vår klubb er alle som er teken ut i ein tropp sikra minst éin omgang med speletid. Alle blir sett og alle er like mykje verdt. Så det er ein viktig grunn til at vi har med 44 spelarar hit ned i denne årsklassen (inkludert seks overårige, to på kvart av dei tre laga). Ein annan grunn er gode trenarar, fortel Vegard Eikrem.

Alle vidare

Ikkje nok med at Langevåg stiller tre 11-arlag i G16-årsklassen. Alle gjekk faktisk vidare til a-sluttspelet. Langevåg 2 rauk ut onsdag morgon, og Langevåg 3 altså på mest mogleg dramatisk vis mot Giv Akt. Langevåg 1 kan framleis gå eit stykke ut i turneringa. Dei møter Tiller klokka 18.35 i dag (onsdag).