Etter å ha vunne 28–20 mot Bergsøy sist veke var det i kveld duka for den andre runden i Norgesmesterskapet for kvinner i handball.

Til slutt vann Førde 21–20 – men det var ikkje utan dramatikk det siste minuttet.

Etter 29 minutt fekk nemleg Førde ein tominuttar. Med 16 sekund igjen – og med ein spelar meir – hadde Volda det perfekte utgangspunkt for å utlikne. Men Volda misbrukte sjansen og er difor ute av cupen.

Elendig start på andreomgang

Cupoppgjeret var ei jamn affære kampen gjennom, ifølge rapportar på Voldas Facebooks-side.

Før pause var Volda likevel som regel eit par-tre mål framfor Førde. Til pause var stillinga 11–9 til heimelaget.

Mens Volda var på høgde og vel så det før pause, var starten på andreomgang langt ifrå det. Etter kvilen gjekk Førde rett opp i ei 13-11-leiing.

I andreomgang var Førde heile tida eitt eller to mål framfor Volda. Heimelaget reduserte til 20–21 og hadde altså moglegheita til å utlikne heilt på tampen, men klarte ikkje å omsetje overtalet til scoring.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.