– Vi tek til dette året med eit motbakkeløp opp til fjellet Saksa, der målgang er på 1040 meter, rett under første toppen. Løpet er 4,2 km langt og vi vil ha tur- og konkurranseklassar, fortel Åmbakk.

Saksa Turstiforeining på Urke er arrangøren av dette løpet som er det første motbakkeløpet som går med majestetiske Hjørundfjorden som blikkfang.

Sjå resultatlista: Norske vinnarar i Skåla Opp

LØPSLEIAR Egil Åmbakk er løpsleiar og primus motor bak det nye motbakkeløpet i Hjørundfjorden. Foto: Privat

– Vi hadde sherpaer frå Nepal som la til rette for ein sti opp til Saksa. Dei har vore her tre år på rad, fortel Åmbakk om eit prosjekt som har ei kostnadsramme på 8-900.000 kroner. Og er finansiert gjennom tippemidlar og støtte frå lokalt næringsliv.

Den flotte stien, som no er opparbeidd har blitt utruleg populær. Fleire tusen kvart år tar turen opp mot Saksa blant anna.

Flyttar fjell: – Den norske steinen er like tung som steinen heime i Nepal. Minst!

Vil utvide neste år

– Neste år har vi planar om å utvide løpet til også omfatte ein slags triatlon der vi har tenkt kombinasjonen padling, sykkel og motbakkeløp, fortel Egil Åmbakk.

– Det er fint om dei som melder seg på gjer dette via kondis.no eller deltaker.no. Vi kjem til å ordne med skyss frå ferjeleiet til starten ved Kaihuset på Urke, til ferjene som går 0845 og 1030 frå Sæbø, fortel Åmbakk vidare.

– Hurtigruten ligg også på Hjørundfjorden i dryge tre timar og vi håper på knallvêr sjølvsagt, seier Egil Åmbakk.

Det vert medalje til alle som fullfører.