Inge Asbjørn Haugen har galgenhumor når vi spør om han ikkje vert oppfatta som sprø som spring på alle slags løp, heile året.

For maratonmannen, som vi tidlegare så korrekt har omtala 64-åringen frå Hornindal, er å sjå på både fjelløp, motbakkeløp, lokale karuselløp, og ikkje minst maratonløp, både i inn- og utland.

Tysdag ettermiddag gjorde han enda eit «stunt». Då tok veteranen marsjmerket, 43 år etter at han gjennomførte same distanse under førstegongs-tenesta.

– Det var i Åsegarden ved Harstad at eg var i militæret. Året var 1974. Då fekk eg tida 3.47 timar på 30 km med oppakning på 11 kilo. Eg har lenge tenkt å prøve meg ein gong til på marsjmerket. Og tysdag fekk eg sjansen då ein kollega i maratonmiljøet; Gunnar Fæhn inviterte meg til å gå saman med ham og 40 unge som er inne til si førstegongsteneste. Eg vart nummer fire på ny «pers»; 3.40.45. Det var eg særs fornøgd med, men kanskje ikkje like imponert over at så få av ungdommane slo oss, seier Haugen.

For Fæhn, som er 68 år, kom inn tre-fire minutt bak honndølen.

Rett frå Budapest Maraton

Det mest imponerande var at Haugen kom rett frå Budapest Maraton, som han gjennomførte søndag.

– Det var fyrste gong eg sprang i Ungarn. Må seie det var ein impulshandling å dra dit. Eg har no sprunge maraton i 16 forskjellige land, i år har eg tre nye. Seier nordmannen med suverent flest maratonløp.

Laurdag avsluttar han ei knalltøff veke med å spring Bergen Maraton.

– Då rundar eg 555 maratonløp totalt etter debuten i oktober 1984. I år ser eg ut til å hamne på 26 maratonløp, seier Inge Asbjørn Haugen som til dagleg jobbar på skattekontoret i Nordfjordeid.

Opphavleg er han frå Hornindal og spring for idrettslaget i heimbygda.

Det var nettopp der han passerte den magiske 500-grensa då han i juli 2015 vart feira under Hornindalsvatnet Maraton.

– Kva blir programmet ut året for din del?

– Etter Bergen og løp nr. 555 skal eg springe maratonløp i Fredrikstad, Trondheim og på Karmøy. For eg stiller under Bislett 24-timars laurdag 25. november. I desember vert det truleg berre eit løp; Nyttårsmaraton i Ålesund som går sjette juledag, fortel den spreke 64-åringen.