Volda Handball:

Halldor Stefan Haraldsson vert Volda-trenar til 2021

Volda Handball forlengjer kontrakten med Halldor Stefan Haraldsson.

Forlengjer til 2021 Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson er alltid engasjert under kampane, her foreviga under toppkampen mot Nordstrand nyleg som Volda vann med eitt mål. No har 27-åringen forlengja kontrakten si med Volda til 2021. 

Lokal sport

– Det er veldig gledeleg at Halldor siste torsdag skreiv under ein ny kontrakt med oss, heilt fantastisk. Han er ikkje minst oppteken av balansen mellom bredde og topp. Og han og familien har funne seg godt til rette i bygda, seier styreleiar Arild Bakke i Volda handball.