Han meiner resultata har kome trass i Ulstein kommune, ikkje med kommunen som ein viktig støttespelar.

– Vi trenar i ein gamal lagerhall på Skeide, det har vi gjort i mange år. Hallen er heilt ok som treningshall, men vi har ingen hall der vi kan ha større konkurransar og oppvisningar. Og no har Ulstein fått dei to fantastiske hallane Ulsteinhallen og Ulstein Arena – utan at det er lagt til rette for at vi skal kunne feste turnapparata våre til golva der. Heilt sidan 2012 har vi hatt dialog med kommunen om dette, men likevel vart hallane opna utan slike feste-anordningar i golvet. Og då vert eg litt oppgitt, seier Fosse.

Ulstein Arena er opna: – Kjekt å ha ein plass vi kan samlast

Det er heile 350 aktive i Hødd si turngruppe, som er den klart største idrettsgruppa utanom fotballen i heile kommunen. Og det er ungdom frå så vel Sande og Herøy som Ørsta og Volda som driv turn i Hødd.

– No veit eg at det er tale om ein ny påbygningshall ved sidan av Ulsteinhallen, som skal verte ein rein turnhall. Men denne hallen er berre på tenkestadiet førebels, seier han.

Og understrekar at han talar på vegner av seg sjølv, ikkje på vegner av styret i turngruppa. Der hans kone Ann Kristin Eiken sit som leiar.

Positivt frå kommunen

Og Fosse får svar frå kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune.

Nok ein hall? Kultursjef Leif Ringstad i Ulstein framfor den fantastiske Ulstein Arena, som vart opna sist helg. Ringstad meiner at det kan vere plass til også ein ny turnhall i kommunen. Ein slik hall kjem truleg på ti millionar kroner – minst.

– I tillegg må det nemnast at Ulstein Arena har særleg stor takhøgd (9 meter), dette er gjort for å tilfredsstille Hødd Turn RG sine behov knytt til sin aktivitet, legg han til.

Ny turnhall

Ringstad framhevar og planane om ein eigen turnhall inntil Ulsteinhallen.

– I ein slik hall kan turnapparata stå ute i hallen heile tida, noko som er ein klar fordel og veldig tidsbesparande for turngruppa i Hødd. Vi føler at vi har ein god dialog med styret i turngruppa, men det er rett at ein slik ny hall ikkje er lyfta opp på politisk nivå førebels. Men det vil skje, sjølv om dette kan ta litt tid. Men dersom turngruppa vil prioritere golvfester i Ulsteinhallen, så kan eg love at vi skal få til dette også, seier Ringstad.

Det verkar unekteleg som om Vidar Fosse sine sterke meiningar om hall-problematikken i Ulstein kommune ikkje når heilt heim hos alle i Hødd si turngruppe.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.

– Fosse er vel krass

Medan Vidar Fosse trenar jentene i turngruppa, trenar Bjørn Roppen gutane. Og han synest at Fosse er vel krass.

– Det er mi klare meining at vi i turngruppa har ein fin dialog med kultursjef Leif Ringstad og kommunen. Mellom anna har vi snakka med rådmannen i kommunen om dette. Planen om ein eigen turnhall i tilknyting til Ulsteinhallen er ikkje noko luftslott, vi er komne ganske langt allereie, meiner Roppen. Som sit i prosjektgruppa for hallen.

– Dersom turngruppa berre kan få betale årlege finanskostnader, så trur eg dette skal gå bra. Og vi har allereie fått teikna hallen, så planane gjeng framover. Det er meininga at hallen skal plasserast mellom Ulsteinhallen og Ulsmohallen, Hødd sin innandørshall for fotball. Vi kan bygge turnhallen på under eit år, og dette ser vi på som den endelege og optimale løysinga for oss, meiner Roppen.