Sander Nyland blir Eid sin assistent

Som venta nøyde Harald Aasland Riise seg med kun eit år som assistenttrenar for Hødd sitt A-lag. Og erstattaren vert henta «innafrå», sidan Sander Nyland no rykk opp.

Opprykk Hødd var langt frå opprykk i år, men 23 år gamle Sander Nyland (t.v.) fekk eit personleg opprykk. No er han forfremma til Sindre Eid sin assistenttrenar på Hødd sitt A-lag. 

Lokal sport

Nyland, som kun er 23 år gamal, var lagleiar og trenar for Hødd 2 i år, som gjorde det så godt at det vart opprykk til 3. divisjon. Og beløninga til trenaren vart altså opprykk også på han. No vert han høgra hand til hovudtrenar Sindre Eid. Men Nyland skal også halde fram med å ha overoppsynet med Hødd 2, og skal vere til stades på alle kampane både til Hødd A og toarlaget.