– Vi hang med i starten til det stod 5–4 til Hønefoss, men så fekk vi ei særs dårleg periode. Då gjekk Hønefoss opp til 19-6, som var resultatet til pause, seier lagleiar Siv Jensen.

Ifølgje ho var det mykje stong ut i den dårlege perioden, og eit kontringssterkt Hønefoss-lag som scora på sine sjansar.

– Vi hang betre med etter pause, og vi avslutta kampen godt dei ti siste minutta, seier Jensen.

Tapet gjer at Bergsøy framleis ligg på nedrykksplass i 2. divisjon.

– Vi merka at vi har trent lite sidan førre kamp. No ventar det to kampar mot Byåsen og Orkanger om to veker, seier Bergsøy sin lagleiar.