Eit drygt minutt før pause gjekk gjestane opp til 15-11-ledelse i Herøyhallen. To kjappe reduseringar før pause gjorde at Bergsøy hadde eit solid håp om å snu kampen i løpet av andreomgang. Det gjorde dei til til gagns. Etter tre minutt av andreomgang var forspranget henta inn og då såg ikkje Bergsøy seg tilbake på ei god stund.

Auka

Bergsøy auka leiinga med jamne mellomrom i heile andreomgangen og då åtte minutt stod att var stillinga 27–20. Mot slutten slapp Bergsøy seg litt nedpå og gjestane tok innpå, men sigeren var aldri truga og Bergsøy vann 27–25.

Toppscorar

Edvaldas Grieze vart Bergsøys toppscorar med åtte mål, medan Runi Fossdal sette inn seks scoringar.

Etter 13 spelte kampar ligg Bergsøy førebels trygt plassert midt på tabellen på 6.-plass.

Opp til FyllingenBergen 2 på andreplass er det berre sju poeng, og alle lag mellom har spelt minimum ein kamp meir enn Bergsøy hittil.