– No er det vi som sit fremst i toget og har kontrollen.

Det sa ein letta og glad Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson etter ei forsvarsoppvisning mot Nordstrand som er sjeldan å sjå på dette nivået.

Volda slapp berre inn 16 mål i kampen, åtte i kvar omgang. Det er rett og slett fantastisk bra i eit toppoppgjer.

Toppklasse av Søyset

Og mellom stengene var Hilde Søyset det engelskmenn ville seie «outstanding». 20-åringen frå Meldel er inne i sin andre sesong i Volda og ein særs viktig bidragsytar til at Volda no ser ut til å ta serietittelen og eit mogeleg opprykk til nivå to i norsk handball.

– Eg er godt fornøgd med forsvarsspelet. Og min eigen innsats var grei nok, sa ei smålåten Søyset. Ho er i ferd med å skrive under ein ny kontrakt med Volda. To mål skåra også Søyset ettersom Nordstrand i 2. omgang tok ut keeper i lange periodar for å spele 7 mot 6 – utan suksess.

– Eg kunne skåra endå fleire mål, seier Søyset som trefte med to skot frå eigen målgård, og bomma på eit par andre.

– Vi skal ha Hilde med oss vidare, seier også trenar Haraldsson. Som gav toppkarakter til sin keeper og forsvarsdronninga Lone Vik. Den høgreiste strekspelaren stogga ei rekkje skot frå stadig meir frustrerte Nordstrand-spelarar som ser ut til å vere sjanselause på å ta att Volda på tabellen.

Trenar Haraldsson vil ikkje innkassere seriegullet.

– Nei, vi har ni kampar att. Nå gjeld det å ha fokus på neste kamp, seier ein fornuftig trenar.

Mange bomskot

Islendingen var ikkje fornøgd med alt i kampen mot Nordstrand, men åttemålsigeren var sjølvsagt utruleg bra, sjølv om angrepsspelet ikkje var to topplag verdig. Det var altfor mange bomskot.

– Forsvarsspelet sikrar titlar, slik vi stod fram i denne kampen, sa Haraldsson som fortent nok gav mest ros til keeper Søyset og Vik.

I angrepsfasen lukkast Maria Ulla godt med fleire kontringsmål, og vart toppskårar for gjestane.

Som også imponerte laurdag då dei vann 32–21 (16–9) mot Aker 2, som også er eit av topplaga i 2. divisjonsavdelinga der Volda no har 13 strake sigrar (!) å sjå attende på.

– Kampen mot Aker 2 var fantastisk bra frå vår side. Keeper Runa Vik var strålande då. Vi roterte mykje på laget og heile 11 spelarar kom på skåringslista. Blant annan fekk Vanessa Sunde Hoel komme inn og skåre på straffekast, seier Haraldsson. Om ungjenta frå Stryn som har vore borte med skade sidan 17. desember 2016.

Harald Stefan Haraldsson. Foto: JARLE MORDAL