Junior-VM i sveitsiske Goms har vorte ein jubelmeisterskap for den 19-årige nordfjordingen.

Skamo Hope hadde startnummer 1 i går og fekk tida 59.20,4 etter 10 km klassisk og 10 km fristil i heftig snøvær.

Norge tok like godt storeslem i guteklassa ettersom Harald Østberg Amundsen, Asker Skiklubb, vant gullet på 58.45,7, medan bronsen gjekk til Jørgen Lippert, Trøsken, på 59.48,8.

Hjå jentene vart sølvmedalje til Lone Johansen frå Melhus, einaste pallplass for Norge. Gullet kapra svenske Frida Karlsson.

VM i Sveits vert avslutta laurdag med stafettar.