– Simon Hjelmeset Kirkeeide kan med klaff kjempe om medalje, i alle høve på sprinten. Også Aksel Mathias Meland og Vegard Skrede har sjansar til å hevde seg i toppen frå vårt lag, seier Anders Vonheim, trenar for Nordfjord Team saman med tidlegare toppløpar Hans Martin Gjedrem frå Valldal.

Team Nordfjord stiller med 16 løparar under NM, to av dei kjem frå Austlandet, ein frå Volda og resten frå klubbar i Nordfjord (sjå fakta). I tillegg stiller Stårheim-duoen Sigrid Flo Bødal og Johan Olav Smørdal Botn, under NM, begge også kapable til å ta medalje. Smørdal Botn imponerte stort under siste noregscup på Lygna (Hadeland) då han mellom anna vann sprinten i klasse 19 år med halvanna minutt – utklassing i konkurranse med over 70 andre gutar i klassa.

– Smørdal Botn har tatt store steg i sporet denne sesongen, seier Anders Vonheim. Han og Gjedrem har ikkje ansvaret for Flo Bødal og Smørdal Botn som begge går på NTG Lillehammer.

– Vi skulle ha gode sjansar også i stafetten der det er tre etappar for jentene og fire etappar for gutane, seier Anders Vonheim. Trenerkollega Gjedrem er også optimistisk.

– Det har vore jobba godt frå utøvarane si side i vinter og eg håper det slår ut i gode prestasjonar under NM, seier valldalingen. Som sjølv har kongepokal og fleire NM-gull i samlinga si heime.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.

Simon H. Kirkeeide er rask i sporet. Lukkast han med skytinga kan det bli NM-medalje. Foto: JARLE MORDAL