Martin Søvik Røren ga Bergsøy leiinga 1-0 før pause, men Magnus Myklebust kom inn etter kvilen og utlikna for Bergsøy. Magnus bur i Fosnavåg, og er ein spelar Bergsøy har vore ute etter.

Hødd styrte mykje av spelet, med Bergsøy spelte fornuftig, tetta godt att bakover, og Hødd skapte ikkje veldig mange sjansar.

– Vi drog til Fosnavåg med 25 spelarar, og bytta heile laget i pausa. For å seie det slik, så er eg meir nøgd med det laget som spelte 2. omgang enn dei som spelte før pause, sa Hødd-trenar Sindre Eid. Som også meinte at det ikkje «lukta» mange mål av dei blå som var i aksjon laurdag.