Alt fredag var troppane på plass med trening i fartsdisiplinen, super-G. Laurdagen opna med KM i same disiplin, etterfylgd av eit renn nummer to, før dagen vart avslutta med ein slalåm-omgang.

Sundagen stod storslalåm på programmet. Viktige renn som talde i krinscupen, og som pulje-kvalifisering til føreståande sesongmål som Landsfinale (U 14) og Hovudlandsrenn (U 16).

Oppgangstider på Stranda

Dei to renna i super-G hadde kring 60 påmelde. Men berre 33 av desse i KM-klassene. Av seks titlar tok sunnmøringane fem, romsdalingane ein. Spreiinga kan ingen klage på, med titlar til Spjelkavik, Ørsta, Stordal og Rauma. Einast arrangørklubben Stranda IL, som for tida er inne i ei medgangsbølgje både når det gjeld breidde og resultat, tok to.

Ole Kristian Engeset Aarseth var eldste deltakar i rennet i klasse Menn U 21, og fekk ikkje heilt uventa, bestetid med 1.19.77. Nærast tidsmessig kom vinnar i klasse Gutar U 16, Rauma Alpin sin Iver Staurset (1.20.71). Klubbkameraten til Aarseth, Jonas Hole Hagen, tok seg av den yngste KM-klassa med god margin. Tida 1.22.65 var han nøgd med.

– Synest det gjekk over all forventning. Super-G er ikkje favoritt-disiplinen. Det er nemleg storslalåm, og der har det ikkje vore KM enno, fortel Jonas som vart nummer to i slalåm-KM tidlegare i sesongen.

«Halvdanske» berga Stordal

Ørsta var som vanleg sterke i Jenter U 14, og vann dobbelt ved Mathea Stranden (1.23.78) og Anny V Molvær (1.24.70). Victoria Røst var åleine i Kvinner U 18, og sytte for tittel til Spjelkavik IL der (1.26.42).

Tøffaste kampen om tittelen stod i Jenter U 16, der det skilde 2.01 sekund mellom dei fire beste.

Denne gongen drog Maia Søe Valde, med dansk far, det lengste strået då klubbvenninna av hollandsk opphav, Fien van Zwieten, feila.

– Alpinsporten har hatt betre tider i Stordal enn akkurat no. Denne sesongen har vi vore kring fem aktive i lokale renn. Om alt går etter planen forsvinn både Fien og eg på skigymnas til hausten, seier Maia Søe Valde, glad KM-vinnar.

Glad for skuleplass

Sjølv om det vart fjerde beste tid i KM, slo Fien van Zwieten hardt tilbake med bestetid i renn nummer to:

– Eg er kjempeglad sjølv om eg vart nummer fire i dag.  Har nemleg nettopp fått beskjed om at eg har kome inn på skigymnas på Oppdal, noko berre 25 prosent av søkjarane gjer. Og eg ser fram til Hovudlandsrennet i Hemsedal i mars. Der skal eg slå frå meg. Særleg i slalåm som er favorittdisiplinen, men eg har hatt fin framgang også i super-G, noko denne helga har stadfesta, sa Fien.