– Eg trivs ekstremt godt i Volda og vil forlenge kontrakten med klubben, kan 21-åringen stadfeste ovanfor Sunnmørsposten.

Om det vert eit- eller toårskontrakt har ikkje Nornes heilt bestemt seg for, men i alle høve vil ho spele for klubben i sesongen 2018/19 då Volda forhåpentlegvis spelar i 1. divisjon.

Marte Nornes har hatt ein sterk sesong og er toppskårar for Volda med 101 mål. Det gjer femteplass på toppskårarlista for 2. divisjon avdeling 3 der Beate Iren Myklebust frå Bergsøy imponerande nok er aller best med 119 mål.

– Kvifor har Volda vore så gode i år med 16 strake sigrar, Marte?

– I den fyrste sesongen med Halldor som trenar brukte vi tid til å venne oss til den måten han ynskte at vi skulle spele. Denne sesongen har vi tatt eit steg og vi er blitt særs kontringssterke. Og så har vi to heilt fantastiske målvakter, seier Marte Nornes og siktar til Hilde Søyset og Runa Vik.

Ikkje minst har unge Søyset, som fyrstekeeper vore «outstanding» i enkelte kampar. Medan rutinerte Vik har vore ein viktig og god sparringspartnar som andreval.

Må forsterke stallen

Trenar Halldor Stefan Haraldsson er også glad for at dei fleste spelarane på laget forlenger sine kontraktar.

Islendingen er likevel klar på at troppen må forsterkast om det vert opprykket til 1. divisjon som alle no ser kan verte ein realitet.

– Om vi spelar i 1. divisjon må vi fyrst vite kor mange som vert med vidare. Samt at vi må ha 1–2 spelarar som er gode nok til å løfte nivået. Så må vi ha 1–2 spelarar i tillegg som fyller opp troppen, fortel Haraldsson.

Nordstrand-kollaps

Volda har nærast avgjort si avdeling sidan toaren Nordstrand har gått på ein kollaps i det siste. Blant anna tapte oslolaget sensasjonelt for Bergøsy, som framleis ligg på nedrykksplass. – Vi skal ikkje spele kamp før 4. mars, men vi held oppe intensiteten på treningane. Det er ikkje nye skadar i troppen, medan vi har fått attende Andrine Dahl etter korsbandskade. Dessutan skal vi sleppe Vanessa Sunde Hoel til i ein 3. divisjonskamp slik at ho får kamptrening, fortel Volda-trenaren.

I tillegg til Marte Nornes håper også Haraldsson at Hanna Ræstad skriv under ei ny kontrakt denne veka.