Høg stemning syner biletet over, der Volda-jentene slepp jubelen laus etter at seriegullet var sikra i 2. divisjon avdeling 3. Laget hadde nyleg valsa over Orkanger i Orklahallen med 41–18 (!) og då jubla til og med trenar Halldor Stefan Haraldsson, sjølv om han på førehand hadde sagt til Sunnmørsposten at det var meiningslaust å juble over ein serietittel.

– Eg er sikkert litt kjedeleg, men dette var berre eit steg på vegen. Nå skal vi halde trykket oppe på treningane og vere konsentrerte i dei tre siste seriekampane. Vi har som mål no å vinne alle seriekampane før vi har fokus mot kvalifiseringskampane mot Gneist frå Bergen, seier Haraldsson.

Sundag var kampen mot Byåsen Bredde avgjort etter 1. omgang. Då leia Volda 21–12.

– Vi kunne også vunne denne kampen med 20 mål, men vi rota ein del i 2. omgang, er Haraldsson ærleg til å innrømme.

Gjestene kontrollerte inn til 33–25 i ein kamp der Maria Ulla spelte svært godt og skåra heile åtte mål. Ana Correia skåra fem, medan Kine Kvalsund, Marte Nornes og Hanna Ræstad stod for fire mål kvar. Laurdag var Ræstad toppskårar for Volda med sju mål, Nornes noterte seks, mens Kvalsund skåra fem.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.

Bergsøy nær nedrykk

Bergsøy sine damer burde vunne begge sine kampar i helga for å ha håp om å overleve, men tapte begge. Ikkje minst var det skuffande med 25–28 (11–16) mot botnlaget Levanger 2 laurdag, det var Levanger sine første poeng i serien. Beate Myklebust skåra seks mål, medan Lisa Marie Sørdal noterte fire skåringar for Bergsøy. Sundag var Bergsøy sjanselause mot Utleira og tapte 17–31 (6-15). Fire Bergsøy-spelarar skåra tre mål kvar; Myklebust, Sørdal, Aukse Aglienskiene og Sandra Mari Leine.

Kommande laurdag er det lokaloppgjer mellom Bergsøy og Volda, ein kamp Bergsøy MÅ vinne skal dei ha ein teoretisk moglegheit til å halde plassen.

Maria Ulla hadde ei god helg og skåra heile åtte mål laurdag. Foto: Jarle Mordal